Jurist - brann og redning
Vil du vere med på å vidareutvikle brann- og redningsvesenet og 110-sentralane i Noreg i tråd med samfunnsutviklinga? Vi er på utkik etter ein kreativ og uredd person til ei spennande juriststilling i Seksjon for brann- og redning i DSB. Hos oss får du jobbe i eit kompetent og engasjert fagmiljø.
Du skal:
- saksbehandle og rettleie i brann- og redningsregelverket til brann- og redningsvesenet, 110-sentralane, Justis- og beredskapsdepartementet, andre styresmakter og samarbeidspartnarar
- samanstille, utarbeide og formidle informasjon innanfor fagfeltet overfor målgruppene våre
- ta del i og leie utgreiings- og utviklingsarbeid som til dømes lov- og forskriftsarbeid eller rettleiingar på brann- og redningsområdet
- utvikle og gjennomføre tilsynet som DSB har med brann- og redningsvesenet og 110-sentralane
- bidra til å utvikle tilsynsarbeidet til brann- og redningsvesenet
- bidra til å effektivisere og heve kvaliteten på interne arbeidsprosessar
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- mastergrad i rettsvitskap/cand.jur. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT
- særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskeleg at du har erfaring frå:
- offentleg forvalting, inkludert arbeid med enkeltvedtak og behandling av klagesaker, og kjenner godt forvaltings- og offentlegheitslova
- formidling/rettleiing/opplæring
- prosjekt- og utgreiingsarbeid
- lov- og forskriftsarbeid og utgreiingsinstruksen
- tilsynsarbeid eller revisjonsarbeid
- utarbeiding eller revidering av rettleiingar
Personlege eigenskapar:
- lagspelar
- gode kommunikasjonsevner
- gjennomføringsevne
- strukturert
- analytisk
Vår nye medarbeider får:
- ei stilling med gode høve til personleg og fagleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lagånd og godt humør
- fleksibel arbeidstid med sommartid og fleksitidsordning
- jobbe i moderne lokale som ligg sentralt til ved kanalen og brygga i Tønsberg
- tilgang til kantine, treningsrom og høve til å trene i arbeidstida
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- årsløn frå kr 604 400 til 661 400 (lønstrinn 65–70) som juridisk rådgivar (stillingskode 1434) eller frå kr 661 400 til 814 900 (lønstrinn 70–79) som juridisk seniorrådgivar (stillingskode 1364) avhengig av kompetanse og erfaring. Av løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
Om avdeling, seksjon og stilling:
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er nasjonal brannstyresmakt og har ansvaret for utøving av styresmakt gjennom regelverk og tilsyn. Brann- og redningsseksjonen er éin av fem seksjonar ved Avdeling for førebygging og tryggleik som har rundt 100 tilsette.
Seksjonen har som si hovudoppgåve å sørgje for at DSB er ei tydeleg og synleg nasjonal brann- og redningsfagleg styresmakt. Seksjonen har ansvaret for å forvalte brann- og eksplosjonsvernlova, med særleg vekt på forskrift om organisering, bemanning og utrusting av brann- og redningsvesen og naudsentralane og forskrift om brannførebygging.
Seksjonen er i tillegg tilsynsstyresmakt overfor brann- og redningsvesena og 110-sentralane. Seksjonen er fagleg og rådgivande organ for justissektoren på brann- og redningsområdet. Den primære målgruppa til seksjonen er brann- og redningsvesena, inkludert feiarvesenet og 110-sentralane.
Hovudoppgåvene for stillinga er knytte til heile ansvarsområdet for brann- og redningsseksjonen, førebyggande brannvern, beredskap og naudtenesta for brann. Dette inneber tett samhandling og dialog med brann- og redningstenestene, Noegs brannskole og samarbeidande offentlege og private aktørar på brannområdet elles.
Ei viss reiseverksemd må påreknast (tilsyn, konferansar og møte); ca. 40 dagar per år.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.
Offentleg søkjarliste:
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.
Kontaktinformasjon
Ann Christin Olsen-Haines, seksjonssjef, 33 41 25 00Heidi Vassbotn Løfqvist, sjefingeniør, 33 41 25 00
Arbeidssted
Rambergveien 93115 Tønsberg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)Referansenr.:4537925241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.08.2022
Om bedriften
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no