Brukarstyrt personleg assistent
Org. nr: 961382068 Stillingsident: 4425562827 Presentasjon av stillingen:
Øystre Slidre kommune søker etter assistentar på vegne av person med vedtak om brukarstyrt personleg assistanse.
Arbeidsoppgåver
Om stillinga :
Eg er ei kvinne på 35 år som søker etter to nye assistentar. Eg har vedtak på 30 timer personleg assistanse gjennom Øystre Slidre kommune.
Eg bur i egen bolig i Moane, og jobbar fulltid. Eg søker assistentar til ulike oppgåver i kvardagen.
Eg er glad i å vere aktiv, og eg ønsker spesielt meir assistanse slik at eg kan vere meir i aktivitet. Derfor søker eg ein person som likar å vere i aktivitet, og som kan vere med meg på trening, samt ulike uteaktivitetar alt etter tid på året.
Eg likar å setje meg litt hårete mål, og å teste mine grensene mine, så eg ser etter ein person som kan vere med meg på det.
Andre oppgåver vil vere praktisk bistand i heimen, handling, og praktiske gjeremål i kvardagen.
Eg treng ikkje hjelp til personleg hygiene.
Arbeidstid vil vere noko på dagtid, men mest ettermiddag/kveld og helg.
Meir om ordninga med brukarstyrt personleg assistanse: https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-i-kommunene/brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa/
Arbeidsoppgåver
- Være med på aktivitetar/trening
- Praktisk bistand i heimen
- Handling
- Andre praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
Førarkort kl B
Det er krav om politiattest i stillinga
Personlege eigenskapar
Du må like å vere i aktivitet.
Vi tilbyr
Øystre Slidre kommune er arbeidsgjevar, og du får lønn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Mari Nysveen, Tildelings- og bustadkontoret, 61342870
Arbeidssted
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Øystre Slidre kommune
Referansenr.:4425562827
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Om bedriften
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen ? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?
Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen , men også i resten av kommunen.
Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.