Sommarjobb Habiliteringstenesta (teneste for vaksne med utviklingshemming)
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo kommune
Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Org. nr: 834210622 Stillingsident: 4340136493 Presentasjon av stillingen:
Kva med å kombinera sommaren med arbeid for nokon som verkeleg treng deg og din kompetanse?
Me ynskjer ferievikarar innan følgjande stillingar:
- Studentar innan sjukepleie, helsefagarbeidar, vernepleie - eller ferdigutdanna innan desse felta.
- Assistentar, utan krav til spesifikk utdanning.
- Interesse for, og gjerne erfaring innan helse- og omsorgsarbeid er ynskjeleg
Arbeidsoppgåver
Den aktuelle arbeidsplass vil gje introduksjon/opplæring.
Du må spesifisera kva periode du kan arbeida -- frå/til dato. Ferieavvikling starta frå og med veke 25.
Kvalifikasjonar
For arbeid i institusjon, open omsorg og i legetenesta må du ha fylt 18 år. Det er ein føremon at vikarar i omsorgsområda har førarkort for bil.
Dei som får tilbod om stilling må levera gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar
- Engasjert og fleksibel
- God på kommunikasjon og samhandling
- Positiv og løysingsorientert
- Strukturert, effektiv og påliteleg
Vi tilbyr
Me brukar eigne lønssatsar for studentar som har fullført min. 1 år av relevant høgskulestudie. Elles gjeld løn etter vanleg tariff.
Generelt
- Dei som vert tilsett hjå oss må stille seg til rådvelde minst 4 veker i løpet av ferieavvikling.
- Det er naudsynt med eigen søknad for kvar av arbeidsstadane du søkjer.
- «Eigenerklæring -- kontroll av tuberkulose og MRSA» er eit skjema som skal fyllast ut av alle som skal jobbe i direkte kontakt med pasientar, pleietrengende og born. Det gjeld alle nytilsette, vikarer, hospitanter og studenter. Dersom ja på eit av spørsmåla er det krav om vidare testing.
PS: Innan helse- og omsorg vert kvalifiserte søkjarar vurdert og kan få tilbod før søknadsfrist går ut.
Kontaktinformasjon
Frode Bratten, Verksemdsleiar, 53 42 34 48
Arbeidsstad
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 BREMNES
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4340136493
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 01.03.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Adresse
Bøtun 3, 5430 Bremnes
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Antall stillinger
0
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 1. mars 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4340136493_Bømlo kommune_webcruiter
Stillingsnummer: c71271cd-d05a-4a71-8547-2f9b09568eb6