Sjukepleiar, 2 x 100% fast, 2. gongsutlysing
HEIMETENESTA Ledig 1 fast 100% sjukepleiarstilling i heimetenesta i Skånevikbasen og ein ledig 100% sjukepleiarstilling midlertidig i Etnebasen, med moglegheit til fast tilsetting etter 31.12.19. Turnusstilling dag/kveld med arbeid 3.kvar helg. Har forhandlingsturnus. Er du positiv, ansvarsbevisst, løysningsorientert, har godt humør og likar å arbeide i team, så er du den personen me ønskjer å ha med i gjengen vår.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleieoppgåver - medisinske oppgåver og pleieoppgåver i heimetenesta. Mange spennande faglege utfordringar. Nye velferdsteknologiske løysingar vert fortløpande tatt i bruk i tenesta. Naudsynt opplæring vert gjeve.
kompetanse:
Sjukepleiar med autorisasjon. Må ha gode norskkunnskapar både skriftleg og munntleg. Må ha sertifikat. Gode datakunnskapar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som kan arbeida både sjølvstendig og i team. Har fagleg innsikt og tryggleik. Har godt humør og god kommunikajsonsevne. Er flexibel og har stor arbeidskapasitet. Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde ved tilsetjing.
Annan informasjon
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø med stabilt personale. Faglege utfordringar. Forhandlingsturnus.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.