Tilkallingsvikar - skular og barnehagar i Ål 2020
Stillingsannonsen er inaktiv.Ål kommune
Oppvekst
Me søker
Dersom du ynskjer å bli registrert som tilkallingsvikar i skular og barnehagar i Ål, kan du vise intersse
ved å søkje på denne stillinga.
Tilkallingsvikarar som det blir inngått avtale med vil bli kontakta av aktuell skule eller barnehage når dei
har behov for vikar, enten for nokre timar av ein dag eller fleire dagar.
Ein arbeidsavtale vil gjelde for inntil eit år og vil fylgje skule- og barnehageåret.
Det er skulen og barnehagen sitt behov dom er utgangspunkt for ein førespurnad og dei står fritt i valet
av arbeidstakar i det einskilde høve.
Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag og at den som vert tilsett
kan takke nei til tilbod om vakter.
Kvalifikasjonar
Ingen krav om formell utdanning, men det er ein fordel om du har fagbrev som
barne- og ungdomsarbeidar eller har erfaring frå arbeid i skule eller barnehage.
Det er innført krav om norskkunnskapar for dei som skal arbeide i barnehage.
Dersom du har eit anna språk enn norsk som fyrstespråk, må du ha gjennomført
norskprøve og ha oppnådd A2 på delprøva i skriftleg framføring og B1 på delprøvane
i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
Lønsvilkår
Løn etter timeliste.
Arbeidsforholdet er regulert etter hovudtariffavtala.
Politiattest
Dersom det vert inngått avtale om å vere tilkallingsvikar, må det leggjast fram godkjent politiattest.
Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men sendast inn etter at det er gjeve tilbod
om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ål kommune
Adresse
Torget 1, 3570 Ål
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.700 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit av landets beste kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule og kortreist kvardagsliv. Ål er helsekommunen ii regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. januar 2021
Hentet fra: Ål kommune
Referanse: enterprise-al.hdnett.no/recruitment/opening?0?674
Stillingsnummer: c7058e0e-5744-4742-a704-3b9a0075d29e