Me søkjer fagleg dyktig og engasjert
Stillingsinformasjon
Det er ledig 100 % fast stilling som assisterande styrar ved Skjolden oppvekstsenter frå 1. august 2022.
20 % av stillinga er i administrasjonen, 20 % flytande vikar og 60 % er som barnehagelærar i barnegruppe.
Barnehagen har ei avdeling med kapasitet til 24 barnehageplassar. Det er omlag 3 årsverk i barnehagen inneverande år.
Fokusområde i barnehagen inneverande år er inkluderande leikemiljø og fysisk aktivitet. Barnehagen bruker aktivt nærmiljøet. Visjonen til oppvekstsenteret er «Blikk for den enkelte og rom til alle.» Skjolden oppvekstsenter deltek saman med dei andre barnehagane i kommunen i eit fellesprosjekt om psykisk helsefremjande barnehagar.
Om stillinga
Assisterande styrar vil ha ansvar for å drive fagsatsinga vidare i barnehagen i tråd med krav og retningslinjer.
ActNow-samarbeidet med HVL og fysisk aktivitet er òg eit høgt prioritert satsingsområde hjå oss.
Assisterande styrar er nestleiar ved oppvekstsenteret og er ein del av leiarkollegiet i oppvekstsektoren i Luster. Leiarkollegiet har regelmessige møte.
Kvalifikasjonskrav
Utdanning som barnehagelærar. Styrarutdanning/leiarutdanning er ønskeleg, men det er ikkje noko formelt krav.
Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:
- gode samarbeidsevner
- kan jobbe systematisk
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- har god leikekompetanse
- ser viktigheita av uteaktivitetar
- takle høgt arbeidspress
Link til søknadsskjema: Send søknad