Sjukepleiar natt - Akuttpost Valen
Akuttpost Valen ligg på Valen sjukehus og har åtte behandlingsplassar for Folgefonn DPS og Stord DPS sitt opptaksområde. Akuttposten skal gjere gode psykiatriske vurderingar, gi fokusert og kortvarig behandling eller tilvise til behandling på rett nivå.
Akuttpost Valen har ledig vikariat på natt for sjukepleiar i 50% stilling i perioden 06.02. - 31.08.23
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
- Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Vere initiativrik, interessert og ha respekt for kvar enkelt pasient
- Tilpasningsdyktig og kunne takle stressande situasjonar med ro og fagleg gode haldningar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
- Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, 53466474Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4601633100
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 06.03.2023
Sluttdato: 31.08.2023
Søknadsfrist: 19.02.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.