Ledig vikariat for kurator i barneverntenesta
Barneverntenesta i Klepp har ledig eit 12 månaders vikariat som kontaktperson i teamet med ansvar for oppfølging av tiltak.
Me tilbyr ein arbeidsdag full av spanande og utfordrande oppgåver, eit godt arbeidsmiljø i ein kommune i endring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter barnevernlova
- Samtalar med barn og foreldre
- Deltaking i ulike samarbeidsfora rundt barnet og i kommunen generelt
- Halda deg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- Gode norskkunskapar både skriftleg og muntleg
- Søkjarar med relevant vidareutdanning vil bli prioritert
Ønska kompetanse
- Evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og strukturert
- Erfaring frå saksbehandling i barnevern er ein fordel
Personlege eigenskapar
- God relasjonskompetanse både til barn og vaksne
- God samhandlingskompetanse
- Kunne vera raus og ydmjuk i møte med andre
- Evne til å håndtera ein travel arbeidskvardag
- Vera opptatt av utvikling og eigen fagleg kompetanse
Den som vert tilbudt stillinga må leggja fram politiattest etter barnevernlova § 6-10.
Om bedriften
Barneverntenesta i Klepp er delt i to team, undersøking og oppfølging av hjelpe- og omsorgstiltak. Tenesta er lokalisert i Kleppetunet i Klepp sentrum og er samlokalisert med PPT og helsestasjonstenesta.