Undervisningsstilling realfag
Org. nr: 974571188 Stillingsident: 4220457047 Presentasjon av stillingen:
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Heimeside: www.maloy.vgs.no/
Facebook: www.facebook.com/Maloyvgs/ og www.facebook.com/Simsafety.no/
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling i realfag, inntil 100%. Undervisning i realfag på studiespesialiserande og yrkesfag. Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova. Vi søkjer ein realfagslærar som har undervisningskompetanse i eit eller fleire av realfaga; fysikk, kjemi, biologi/marinbiologi, matematikk og programmering. For å ha godkjent undervisningskompetanse i vgs må ein ha minimum 60 studiepoeng i faget. Det er ønskjeleg med godkjent praktisk pedagogisk utdanning.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein engasjert lærar som har evna til å motivere og bygge gode relasjonar til elevane. Skulen er oppteken av god undervisnings- og vurderingspraksis. Vi har fokus på at elevane skal få gode framovermeldingar i faga. Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha god struktur på undervisninga og utarbeide oversiktlege arbeidplanar. I tillegg har vi ei forventning om stor samarbeidsvilje og evne, både i fagteamet og i kollegiet elles.
Vi tilbyr
- eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- nært samarbeid med kollegaer
- god delingskultur
- mentor til nye lærarar
Løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Helge Hjertenes, avdelingsleiar, 48158528
Åsta Navelsaker Røed, rektor , 57638303
Arbeidsstad
Nordfjordevegn 9109
6718 Deknepollen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4220457047
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2020