Tu skule trenger ein engasjert miljøarbeidar i skule og SFO
Tu skule har ledig fast stilling i 80- 100 % som miljøarbeidar frå 04.05.20.
Før oppstart må det leggjast fram tilfredsstillande tuberkulinstatus i tråd med forskrift om tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringslova § 10-9/barnehagelova § 19.
Krav til kompetanse
- Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar eller har tre årig sosialfagleg høgskuleutdanning.
Me ser etter deg som
- Har erfaring frå arbeid med born.
- Er ein tydeleg vaksen med god relasjonskompetanse.
- Kan samarbeida godt med elevar, føresette og kollegaer.
- Har høge forventningar til eigen innsats for å fremja borna si utvikling.
Stillinga er delt mellom skule og SFO. Arbeidsoppgåvene vil verta tilpassa etter kva utdanning, erfaring og interesse den tilsette har. Me ber deg spesifisera i søknaden kva arbeidsoppgåver du meistrar godt. Personleg eignaheit vil tilleggjast stor vekt. Du vil få lønn etter utdanning og ansiennitet.
Stillingsnummer: 20/107
Om bedriften
Tu skule er ein PALS-skule med 265 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Me er særs stolte av å ha eit godt profesjonsfellesskap, ein moderne skulebygning og eit positivt elevmiljø. Alle elevar og lærarar nyttar iPad i undervisninga. På SFO legg me vekt på mykje fri leik og det er ca. 80 born som nyttar tilbodet.