Helsefagarbeidar 75,12% - vikariat
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Ved Tilrettelagte tenester vaksne, for tida ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, er det frå snarast og tom 313.03.2022 ledig 100% vikariat for helsefagarbeidar.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år med utviklingshemming. Tenestene består av 8 bufellesskap, ambulante tenester og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufelleskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjer tenester til 12 unge tenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.
Stillinga er i hovudsak i langvakts turnus, med arbeid 3 kvar helg.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande.
Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid til personar med utviklingshemming og/eller autismespekteret, men erfaring i frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant.
Ufaglærte med særleg relevant og lang erfaring med brukargruppa kan også verta vurdert for vikariatet.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anuradha Singh, Mobil +47 480 15 050, Epost: anusin@bjornafjorden.kommune.no
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?