Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4193901968 Presentasjon av stillingen:
Har du lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i ei av Noregs største Lungeavdelingar?
Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdomar i Helse Vest. Vi har i tillegg stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Avdelinga har to sengepostar med totalt 36 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdomar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.
Vikariatet er ei kombinasjonsstilling i 100%, der 85% av stillinga er knytt til Lunge poliklinikk og 15% av stillinga er er knytt til sengepost (helg).
Stillinga er eit vikariat med oppstart 23.mars 2020 og varer til og 10.januar 2021, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
- I stillinga i poliklinikken kan arbeidsoppgåvene vere varierte: Assistere lege ved ulike interversjonar som bronkoskopi/percutane prosedyrar, administrere kreftbehandling, greie ut og behandle pasientar med søvnapnoe eller hypoventilasjon
- Ved sengepost er det å delta i pleie, behandling og planlegging av utskriving viktige oppgåver
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Vi søkjer sjukepleiar med erfaring frå arbeid med lungesjuke pasientar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar og har interesse innan feltet lungesjukdom
- Ønskjer deg som er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Godt humør og ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Gode IKT-kunnskapar er eit føremon
Vi tilbyr
- Vi tilbyr
- God opplæring og oppfølging
- Internundervising
- Fagleg høgt nivå
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø!
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Thomas Berge, Avdlingssjukepleiar, 55974082, thomas.berge@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4193901968
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.02.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.