Helsefagarbeidarar/assistentar - Korttidseininga
Org.nr.:963923511 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Førde helsetun er ein moderne sjukeheim. Vi har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Korttidseininga har 18 plassar for korttid/avlasting/palliativ/rehabilitering. Vi har pasientar med ulikt hjelpebehov og samansette diagnosar. Eininga er ein god arbeidsplass med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Vi søker etter dyktige medarbeidarar
Vi har ledig ca. 14 % faste helgestillingar. Stillingane er for tida i to-delt turnus og er ledig frå snarast.
Krav til søkar:
- autorisert helsefagarbeidar/sjukepleiar
- samarbeidsvillig, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi søker deg som:
- har kjennskap til data, vi nyttar fagprogrammet gerica
- har erfaring frå liknande arbeid
- har motiviasjon for å jobbe innan eldreomsorga
Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorga søke. Dei vil få tilbod om mellombels tilsetting.
Oppgje referansar i søknaden.
Politiattest må leverast før start i stilling. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Gunn Beathe Bruland, Mobil +47 479 70 742, Epost: gunn.beathe.bruland@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.