Jurist/byggesakshandsamar
Org. nr: - Stillingsident: 4199601060 Presentasjon av stillingen:
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Rådmannen si leiargruppe består i dag av rådmann, stabssjef, økonomisjef og tre kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 650 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet. Sjå hjemmeside for meir informasjon om Sula kommune.
Om stillinga. Sula kommune er ei kommune i utvikling og det er behov for å styrke eining for plan, byggesak og oppmåling (PBO) med både kapasitet og kompetanse. Det vert særlig lagt vekt på å tilføre eininga juridisk kompetanse. Stillinga er nyoppretta og skal i hovudsak være ein ressurs ved PBO-eininga, men vil og støtte andre einingar som til dømes Eigedom, Kommunalteknikk og Økonomi/Støttestab. Arbeidsstad vil vere Sula Rådhus i Langevåg.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming av byggesaker og frådelingssaker etter plan- og bygningslova/matrikkellova
- Klagehandsaming
- Ulovleghetsoppfølging og tilsyn
- Juridisk bistand internt i kommunen med hovudvekt på plan- og bygningslov matrikkellov; men og innan fagområda eigedomsrett/kontraktsrett og offentlige anskaffingar
Kvalifikasjonar
- Mastergrad eller tilsvarande innafor rettsvitenskap/juridiske fag. Gjerne i kombinasjon med byggteknisk utdanning
- Erfaring frå juridisk saksbehandling innan saksfelta plan- og bygningsrett, eigedomsrett, og kontraktsrett/entepriserett er ønskelig
Personlege eigenskapar
Vi søker ein medarbeidar med solid fagleg kompetanse og med gode samarbeidsevner i tillegg til god evne til skriftleg og munnleg kommunikasjon. Sula har nynorsk som språkform. Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig vert vektlagt. Oppgåvene vil føre med seg kontakt med både politikarar, innbyggarar og eksterne mynde som til dømes fylkeskommune og fylkesmann. Det er difor viktig med god evne til å orientere og legge fram saker munnleg.
Vi tilbyr
Vi kan tilby ei stilling med varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
Stillinga vil gje god moglegheit til fagleg utvikling. Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Terje Havnegjerde, Leiar, 70199100, terje.havnegjerde@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sula kommune
Referansenr.:4199601060
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2020