Brukarstyrt personleg assistent
Eg er ei ung kvinne som bur i Førde og treng BPA (brukarstyrt personleg assistent) både i og utanfor heimen. Min kvardag består stort sett av det same som andre sin kvardag - jobb og fritid.
Eg har fått tildelt 5 timar BPA i veka. Eg klarar det meste sjølv, men må i periodar der kroppen er sliten avlaste med krykker/rullestol (diagnose vil bli informert nærmare om ved eventuelt intervju).
Eg er sjølv i jobb og er avhengig av at assistent kan jobbe på kveldstid; helst to gongar i veka fordelt på 2,5 t kvar gong, men er og fleksibel til å ta alt på same kveld. Eg er fleksibel, tidspunkt kan leggast til rette for om du evt. har annan jobb/jobbar turnus.
Skal du jobbe hos meg må du virkelig ville jobbe med menneske, og du må ha eit reelt ønskje om å hjelpe. Det er viktig for meg at vi har god kjemi då du skal være i heimen min og jobbe veldig tett på meg og mitt private liv. Eg vil være arbeidsleiar og Førde kommune vil være arbeidsgjevar og dei som betalar deg lønn.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil være hjelp til å vaske i heimen (og det meste av husarbeid), være med å handle mat, handle mat for meg når eg ikkje er i form. Kvardagen kan ikkje planleggast og oppgåvene vil nok variere veldig i frå shopping, vasking av golv, gå ein tur, til evt. følge til sjukehus utanfor fylket.
Du må:
- snakke godt norsk då eg høyrer litt dårleg
- ha førarkort klasse B
- ha godt humør
- like å jobbe med menneske
- være påliteleg og stabil
- ha respekt for meg og min heim
Det er ein fordel om du:
- er kreativ og løysingsorientert
- er fleksibel på tidspunkt og oppgåver
- er i god form - du må hjelpe meg med fysiske oppgåver
- har bakgrunn i helsevesenet - dette er ikkje eit krav
Om du synest dette ser interessant ut - ta kontakt!
Oppstart i stillinga er snarast mogeleg.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Camilla Stein, Tlf: 91547838
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.