Fastlege
Stillingsannonsen er inaktiv.Sykkylven kommune
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, 6230 Sykkylven
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4219513776 Presentasjon av stillingen:
Sykkylven kommune har ledig avtaleheimel for fastlege (næringsverksemd) med tiltreding frå 14.09.2020 eller tidlegare etter avtale. Avtaleheimlen har 1000 listepasientar.
Kontorstad er Sykkylven Legetjenester AS. Dette er for tida eit privat eigd og drive legekontor (gruppepraksis) og dei som får tildelt heimlane må inngå leigekontrakt med Sykkylven Legetjenester AS. Det er for tida 6 fastlegeheimlar ved kontoret, 5,7 årsverk helsepersonell og eige laboratorie. Legekontoret vert kommunalt frå 1.7.2021.
Senteret er lokalisert sentralt og ligg like ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS). Legekontoret er godt utstyrt, nyttar WinMed3 journalsystem og er knytt opp mot Norsk Helsenett.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er knytt til fastlegepraksis, deltaking i legevakt og kan påleggjast offentlege allmennmedisinske oppgåver i samsvar med sentrale føringar i lover, føresegner og sentrale avtalar. Vaktbelastninga for fastlegane er lav for tida 1-2 vakter pr. månad.
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon
- Krav om gjennomført LIS 1 som gir rett til refusjonar frå HELFO
- Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid.
- Gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
- Personlege eigenskapar vil verte særleg vektlagt, herunder at ein er tolmodig, empatisk, og har respekt for pasientar og deira rettar og behov
Kommunen vil prioritere søkjarar som har spesialitet i allmennmedisin eller er under spesialisering.
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn ein - 1 -- månad.
Overdragande fastlege vil krevje kompensasjon for opparbeidd praksis, jfr. ASA 4310, pkt. 5.6.
Vi tilbyr
Avtaleheimelen er ledig frå 14.09.2020 eller tidlegare etter avtale.
Avtaleheimelen og tildelingsprosessen er regulert av til kvar tid gjeldande lover, føresegner, avtaleverk og lokale avtalar (rammeavtalane ASA 4310 og ASA 4301, kommuneavtalen SFS 2305 og den individuelle avtalen som blir inngått med kommunen).
Kontaktinformasjon
Eirik Solbakken Rødset, Fastlege, 48175266, eirik.rodset@sykkylven.kommune.no
Margit Aure Overå, kommunalsjef
Arbeidsstad
Sykkylven bu- og aktivitetssenter
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4219513776
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Adresse
Kyrkjevegen 3, 6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4219513776_Sykkylven kommune_webcruiter
Stillingsnummer: c5d83bff-af61-4682-a5e5-e14ad3f7d5ff