Dekkskadett
Org. nr: - Stillingsident: 4343010939 Presentasjon av stillingen:
Kystverket har ledig opplæringsstilling kombinert dekkskadett og fagarbeidar på våre fartøy. Fartøya har medarbeidarar som er allsidig samansett innan ulike fagfelt. Saman utfører dei ulike oppdrag innan vedlikehald og drift, med varierte oppgåver utandørs. Det må reknast med reising til og frå fartøyet ved kvar arbeidsperiode. Stillingane er midlertidige med 1 års varigheit.
Arbeidsoppgåver
- Dekkskadett på fartøyet
- Allsidige og utfordrande oppgåver innan nybygg, drift og vedlikehald på navigasjonsinnstallasjonar og Kystverket sine objekt
- Drift og vedlikehald av fartøy og utstyr
- Lista er ikkje uttømande
Kvalifikasjonar
- Fullført og bestått teoretisk navigatørutdanning til å oppnå høyeste dekksoffisersertifikat, D1
- God fysikk og helse. Godkjent helseattest for sjøfolk og sikkerhetskurs IMO 50.
- Klatre og arbeide sikkert i høgda
- Interesse for allsidig arbeid på navigasjonsinstallasjonar og byggkonstruksjonar
- Kandidater med utdanningsveg via fagbrev vert prioritert
- Erfaring frå praktisk arbeid som sommerjobb eller anna praksis ved sida av skule er ein fordel
- Være god i norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er framtidsretta, engasjert og påliteleg
- Allsidig og sjølvstendig fagarbeidar, men også lagspelar
- Løysingsorientert og samarbeidsvilleg
- Gode haldningar til faglege standardar, HMS, etiske retningslinjer og Kystverkets omdømme
- Sosial og omgjengeleg, og ein positiv bidragsyter i arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Allsidige oppgåver og utviklingsmoglegheiter.
- Kadetten inngår i oppsett arbeidsplan med det øvrige mannskapet.
- Delt arbeidstid og oppgåver mellom kadett og fagarbeidar på fartøyet sitt arbeidslag.
- Kadettstillingane er i dag plassert i stillingskode 1203 fagarbeidar, der det 1. halvåret vert utbetalt 80 % og 2. halvåret 90 % av bruttoløn kr. 398 800,- tilsvarande trinn A 42 i hovedtariffavtalen for LO, YS og Unio.
- Kystverket har særavtale for fartøymannskap som regulerer arbeidstid og kostgodtgjersle. Gjeldande arbeidstidsordning har 6 arbeidsperiodar à 4 veker pr år. Særavtalen er pt under reforhandling.
- Medlemskap i Statens pensjonsordning vert trekt med 2 % av bruttoløn.
- Kystverket er tilknytt bedriftshelseteneste.
- Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke.
- Følg linken: "Søk på stilling" og legg inn dine opplysningar i elektronisk søknadsskjema for å registrere deg som søkjar. NB! Søknader pr. e-post vert ikkje behandla.
Kontaktinformasjon
Hege Natland, Leiar mannskapsseksjon, 99573715, hege.natland@kystverket.no
Alf Arne Borgund, Leiar fartøydriftseksjon, 47753446
Arbeidsstad
Sorenskriver Bulls gate 3
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kystverket
Referansenr.:4343010939
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 14.03.2021
Om bedriften
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.