3 faste stillingar for lege i spesialisering i pediatri - Barne- og ungdomsklinikken
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig 3 stillingar for lege i spesialisering i pediatri frå 01.04.2019.
Barne- og ungdomsklinikken i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 75 senger, ca. 5500 innleggingar og 25000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken er organisert i 8 medsinske fagseksjonar. God pasientbehandling, opplæriing, utdanning og forsking er prioritert ved klinikken.
Barne- og ungdomsklinikken er godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten pediatri. Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Barne- og ungdomsklinikken ved ulike seksjonar, postar og poliklinikk. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Barne- og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus.
Dei næraste åra vil klinikken gjennomgå store endringar. I 2016 flytta vi midlertidig til eit rokkeringsbygg; Marie Joys' hus. I 2023 skal det nye Barne- og ungdomssjukehuset stå ferdig. I denne perioden er det planlagd endringar i både pasientforløp, logistikk og organisering for å kunne ta i bruk det nye senteret på best mogleg måte. I dette ligg mellom anna at vi skal ivareta pasientar inntil fylte 18 år, ei endring som starta frå januar 2017.
Arbeidsoppgåver
- Postarbeid og arbeid i pasientmottak og poliklinikk med utgreiing og behandling av alle barne- og ungdomssjukdommar
- Vurdere pasientar med tilvising frå både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta
- Du deltar i rotasjon med pt. 12-delt tilstadesvakt
- Du vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram som omfattar rotasjon til alle fagområde
- Forholda blir lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og anna etterutdanning
- Vi viser elles til Helse- og omsorgsdepartementet sin utdanningsplan for pediatri
- Studentundervising
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Det blir lagt vekt på klinisk erfaring og fungering
- Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg. (Det er krav om at ein kan dokumentere kunnskap i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må leggje fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet pediatri inklusive ungdomsmedisin.
- Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta på jobb
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
- Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende
- Du kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanning og rettleiing av overlege ved alle fagseksjonar der du arbeider
- Teneste som tel som del av utdanning i pediatri i henhald til gjeldande spesialistreglar for hovudutdanninga
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmilijø
- Høgt fagleg nivå der alle deler av pediatrien er representert
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
Kontaktinformasjon
Karin Birgitta Tylleskär, Klinikkoverlege, 55975246
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4010730407
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 3
Søknadsfrist: 28.02.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4010730407&company_id=5300204&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Jonas Lies vei 72, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
Lege i spesialisering (LIS)
Antall stillinger
3
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 1. mars 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9979590
Stillingsnummer: c5addbf6-db2a-4505-9923-6e13b52f47a5