Kapellan i Øvre Telemark prosti med Bø sokn som tenestestad, 2. g utlysing
Org. nr: - Stillingsident: 4421134051 Presentasjon av stillingen:
NB: Utvida søknadsfrist 31.10.21
O m kyrkjelyden
Om du ønskjer å arbeida
som prest i ein aktiv kyrkjelyd saman med ein engasjert stab og ivrige
frivillige, kan dette vera stillinga for deg. Du vil få hovudansvaret for
arbeidet med dei om lag 50 konfirmantane i Bø, eit varierande tal
ungdomsleiarar og i samarbeid med frivillige vaksenleiarar vil du også ha ei
viktig rolle i treffpunktet Z ungdom.
I Bø står det klart eit
lyst og fint kontor til deg i det nye kontorbygget på Bøhaugen, like ved
kyrkjene. Her vil du jobba i fellesskap med sokneprest, kyrkjeverje, organist,
korleiar, kontorfullmektig og to kyrkjetenarar. Sjå meir på www.bokyrkje.no.
Kyrkjelyden har eit godt
samarbeid med organisasjonane på Bø bedehus, og nyttar dette huset også til
fleire av kyrkjelyden sine aktivitetar. Prestane møtest jamleg til
tenestekonferansar og studiesamlingar, og det er gode samarbeidstilhøve.
Kyrkjelyden sin visjon
«Bø kyrkjelyd vil vera ein
møtestad mellom Gud og menneske, og menneske i mellom».
Satsingsområde
o Konfirmant- og
ungdomsarbeid
o Leiartrening for ungdom
Eit stort satsingsområde i prostiet er konfirmant- og leiartreningsprogrammet «Ønsket og Elsket» med felles konfirmantleir om sommaren og helgesamlingar for ungdomsleiarar gjennom året. Her vil du samarbeide tett med ungdomsarbeidarar frå heile prostiet og «Ønsket og Elsket» sin eigen stab. Sjå meir på www.ønsketogelsket.no
Gudstenestelivet
Du vil møta eit levande
gudstenesteliv med deltaking av medliturgar, ministrantar og ikkje minst dei
mange kora knytt til kyrkjelyden sin eigen korskule. Til stillinga ligg
om lag 40 gudstenester. 30 av desse er i Bø kyrkje, medan 10 gudstenester er i
Sauherad-delen av kommunen. Av dei rundt 40 kyrkjelege handlingane som ligg til
stillinga, høyrer om lag 10 til Sauherad-delen av kommunen.
Elles
Den som vert tilsett må rette
seg etter:
- Endringar i tenesteordning for prestar og reglar om lønnsforhold og aldersgrense for geistlege tenestemenn.
- All avgjersle som måtte bli teken vedrørande tenesta og tenestestad.
Målforma i soknet er nynorsk, og den som søkjer må kunne stadfeste at han/ho kan nytta båe målformer.
Kvinner vert oppfordra til å søka.
Ved tilsetting blir det teke atterhald om at den som vert tilsett kan leggja fram ein tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest).
Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om ein ber om ikkje å bli ført på denne lista (jfr. offentleglova 25, 2. ledd).
Arbeidsoppgåver
- konfirmant-, ungdoms- og leiararbeid
- gudstenester og kyrkjelege handlingar
Kvalifikasjonar
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarende
Personlege eigenskapar
- kan kommunisera godt med ungdom, også på sosiale medium
- god samarbeidsevne og syn for heilskapen i kyrkjelyden
Vi tilbyr
- lønn som kapellan i stillingskode 0922
- etter- og vidareutdanning
- godtgjersle etter gjeldande satsar
- pensjonsinnskot
- arbeidsrettleiing
Kontaktinformasjon
Bjarne Nordhagen, Personalsjef, 90996790, bn576@kirken.no
Asgeir Sele, Prost, 41566043, asgeir.sele@seljordkyrkje.no
Arbeidssted
Kyrkjevegen 78
3800 Bø i Telemark
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Den norske kirke
Referansenr.:4421134051
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2021
Om bedriften
Bø ligg i Midt-Telemark kommune, to timar med tog frå Oslo. Kommunen har rundt 10.500 innbyggjarar, og av desse bur 6.500 i Bø. I tillegg kjem eit stort tal med studentar ved universitetet. Kommunen er kjent for sitt rike kulturliv, med mange lag og organisasjonar, stort kulturhus og attraktive uteområde som Telemarksvassdraget og Lifjell. Bø er også handelssentrum for eit større område, noko som gjev eit godt tilbod av butikkar og serveringsstader. Øvre Telemark rommar 12 kommunar med 19,5 presteårsverk og prostesete i Seljord. Sjå meir på www.midt-telemark.kommune.no