Helsesekretær/sekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4315229929 Presentasjon av stillingen:
BUP Molde har ledig to faste stillingar, ei i 100% og ei i 40% som helsesekretær/sekretær.
BUP Molde har 35 stillingar, og der fire av desse er for helsesekretær/sekretær.
Sekretærane i BUP er del av eit tverrfagleg miljø og er ei viktig yrkesgruppe i seksjonen. Sekretærane våre utfører mange og varierte arbeidsoppgåver.
Vi ber deg opplyse i søknaden kva slags stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
- Telefonbetening
- Mottak av pasientar og føresette i skranke
- Dokumentasjon i journalsystemer,brevskriving, posthandtering
- Skåring og skanning av testar
- Deltaking i organisering av pasient- og pårørandeopplæring
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær/sekretær med erfaring frå arbeid i helserelatert funksjon
- Gode norskkunnskapar - skriftleg og muntleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig og nøyaktig
- Personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Eit godt kollegafellesskap og varierte arbeidsoppgåver
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Kontaktinformasjon
Hilde Sivertsen, Seksjonsleiar, 712 17 485 , hilde.sivertsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
6416 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4315229929
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2021
Søknadsfrist: 01.12.2020
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal