Arbeidskonsulent med kompetanse innan pedagogikk/sosialfagleg/helsefagleg retning
Vår profesjon:
AiR-klinikk skal med tverrfagleg kompetanse bidra til at pasientar med samansette plager og nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking gjennom individuell rettleiing og gruppeundervisning.
- AiR-klinikk har fire team som består av psykolog, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
- Kvart team har ansvar for opptil 17 deltakarar.
- Opphaldet for kvar gruppe er døgnbasert og går over fire veker.
- Me tilbyr også eit kartlegging- og vurderingsopphald over ei veke og med færre deltakarar på gruppa.
Me ser etter desse kvalifikasjonane:
- Kompetanse innan pedagogikk/sosialfagleg/helsefagleg retning på bachelernivå.
- Erfaring frå arbeidsretta rehabilitering eller tilsvarande.
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne som kan bidra til eit utviklande fagmiljø.
- Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar.
- Interesse for gruppeprosessar og undervising.
- God skriftleg framstillingsevne.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- Individuell rettleiing.
- Undervising av deltakarar i grupper.
- Gjennomføring av kartleggings -- og vurderingssamtaler.
- Vera primærkontakt med ansvar for generell rettleiing.
- Ha kontakt med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte.
- Særfagleg oppfylging ved behov.
- Arbeid med epikrise for deltakarar
Me tilbyr:
- Høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
- Høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering.
- Arbeidstid: Kvardagar kl. 08.00-15.30.
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår.
- Hjelp til å skaffe møblert bustad
For meir informasjon, kontakt ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no eller administrasjonsleiar Jon Hovda på tlf. +47 35 06 28 00 / jon.hovda@air.no
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet.