ID 1886 Miljøterapeut/miljøarbeidar avdeling bufelleskap - Psykisk helse og rus
Eining for psykisk helse og rus omfattar ulike tilbod, som Dagsenter, Bufellesskap og Oppsøkande team til personar frå 18 år og oppover med rus- og/eller psykiske vanskar.
Me har brukar i fokus, kan tilby eit mangfald i arbeidsoppgåver, arbeid i fagteam, samarbeid med spesialisthelsetenesta og andre tenester, og eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
I avdeling Bufellesskap er fylgjande stillingar ledige (Tilsetting snarast etter avtale):
1. 100% stilling i langturnus
2. 28% stilling på natt 3. kvar helg
Skriv i søknaden kva stilling du søkjer på.
Me søkjer etter personar med:
- Helse -og sosialfagleg kompetanse
- Erfaring innan psykisk helsearbeid
- Arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- Er positiv, initiativrik og strukturert
- Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
- Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
Anna:
- Me søkjer etter motiverte og engasjerte medarbeidarar med gode samarbeidsevner
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.
- Søkjar må ha sertifikat.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar knytt til stillingane er einingsleiar Diana Bergeland tlf. 952 43 278, og avdelingsleiar Bufellesskap Ina Blikra Valvatna tlf. 907 31 606
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.