Konsulent
Konsulent
Løns- og personalavdelinga og Servicetorget har til saman ledig eit vikariat i 100 % stilling fram til 30.06.19.
Arbeidsoppgåver
" Personaloppgåver
" Sakshandsaming
" Post og arkiv
" Anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar
" bachelorgrad
" evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk og i samarbeid med andre
" løysnings- og utviklingsorientert
" kommuniserer godt med samarbeidspartnarar
" kunnskap innan MS Office og personalsystem
Me tilbyr:
" interessante og utfordrande oppgåver
" løn etter avtale
" tilsetting i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
" pensjonsordning i KLP
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkje på stillinga via vårt digitale søknadssenter http://min.e-kommune.no/suldal/.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3900 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.