Ph.d.-stipendiat i Creative Well-being st.nr. 41/2021
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda er det ledig inntil to stipendiatstillingar (doktorgradsstipend) knytt til Avdeling for kulturfag (AKF). Stipendiatane skal vere med på å styrkje det vitskaplege grunnlaget for satsingsområdet «creative well-being», som dannar eit utgangspunkt for tverrfagleg kompetanse- og kunnskapsutvikling. Emosjonelle, kreative, praktiske og kunstnarlege tilnærmingar til læring og livskvalitet blir eit viktig satsingsfelt framover. Avdelinga ynskjer å drive fram eit breitt kunnskapsgrunnlag på dette feltet. Creative well-being inkluderer alt frå å forstå verdien av utløysande faktorar for kreativitet, til ei djupnetilnærming i møtet med praktiske og/eller estetiske prosessar for vår livskvalitet, læring og endringskompetanse. Kompetansen er viktig for å løyse fleire av FNs berekraftsmål og er ein viktig komponent i betydninga av menneskelege ressursar i utvikling av kompetanse for framtida. Relevante område for ein Ph.d. i «creative well-being» er prosjekt relatert til undervisning, helsefremjande arbeid, leiing av prosjekt for både offentleg sektor og privat næringsliv, m.m.
Stipendiatstillinga er ei utdaningsstilling på tre år, som gir lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstillingar blir sett på som viktige rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular.
Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande stasar. Tidspunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen.
Det er eit vilkår for å starte i stipendiatstillinga å ha fått opptak på eit høveleg doktorgradsprogram. Dokumentasjon på opptak må ligge føre seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga.
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha fullført mastergradsutdanning innan eit av dei relevante praktisk-estetiske faga nemnt under, normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT. Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga du søkjer, vil også bli vektlagde.
Vi søkjer etter kandidatar som har minimum 120 studiepoeng i eitt av dei praktisk-estetiske faga som blir tilbudd ved AKF (kunst og handverk, musikk, teater og drama, idrett eller friluftsliv) https://www.hivolda.no/om/kulturfag. Til ei av stillingane søkjer vi særleg etter deg med bakgrunn i teater og drama, men kandidatar frå dei andre kulturfaga er velkomne til å søkje på begge stillingane.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektidéen som ligg ved søknaden. Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Fagleg /fagdidaktisk erfaring og/eller forskingserfaring vert også vektlagt. Det skal komme fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forkingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva datagrunnlag ein tek sikte på å bruke.
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnader for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha utmerka evne til å kommunisere og samarbeide i ulike grupper under rettleiing. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere kreativ og nytenkande.
Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisnings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Om stillingane
Stilling 1
Prosjektskissa skal vere knytt til, og bidra i utviklinga av det teoretiske og humanistiske kunnskapsgrunnlaget for å forstå verdien av kreative og kunstfaglege prosessar i eit dannings- og livskvalitetsperspektiv. Stipendiaten skal forholde seg til spenningsfeltet mellom (teater-)kunstnarlege, samfunnsmessige og filosofisk-estetiske perspektiv og praksisar. Ph.d.-prosjektet bør fokusere på kunsten og teateret sitt potensiale til å undersøke og/eller intervenere i politiske, utdanningsmessige, kulturelle og/eller psykologiske prosessar med relevans for nåtidas komplekse samfunn.
Stilling 2
Prosjektskissa er særleg knytt til eit empirisk kunnskapsgrunnlag der ein nyttar ei heilskapleg tilnærming til livskvalitet, basert på nasjonale tilrådingar: https://www.fhi.no/publ/2018/livskvalitet.-anbefalinger-for-et-bedre-malesystem/.
Det kan vere aktuelt å gå inn i nye eller eksisterande tilgjengelege datagrunnlag der ein særleg ser etter koplingar mellom livskvalitet og kultur, trening/helse og/eller naturkontakt.
Det vil vere ein fordel om prosjektet er kopla opp mot ei forskingsgruppe ved HVO, til dømes Future Skills Lab, Kultur og helse m.m. https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling-0/forskingsgrupper
Søkjarar kan kontakte professor Wenche Torrissen (stilling 1) eller prodekan/førsteamanuensis Helga S. Løvoll (stilling 2) for meir informasjon om stillinga. Vi oppmodar aktuelle søkjarar om å ta kontakt i god tid før søknadsfristen.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei spanande og viktig verksemd.
Avdelinga for kulturfag har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, med høve til fagleg, tverrfagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.
Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er alle stipendiatar lønna i lønssteg 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til ei jamn lønnsutvikling i perioden.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av dette gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måte, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå dokumentasjon som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen.
Det er viktig at du viser korleis kompetansen din fyller kriteria for stillinga.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
Søknadsbrev: motivasjon for å søkje stillinga og kort oversikt over kvalifikasjonane, praktiske ferdigheiter, erfaring og personlege eigenskapar som gjer deg til ein attraktiv kandidat
- Vitnemål og attestar inkludert alle karakterar
- CV
- Masteroppgåve
- Eventuelle andre vitskaplege og/eller kunstnarlege arbeid
- Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten
Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Ufullstendige søknader blir ikkje vurdert. Alle fullstendige søknader vert først vurdert ved avdelinga, før dei blir vurdert av eit sakkunnig utval nedsett av dekan.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:
- Wenche Torrissen, e-post: wenche.torrissen@hivolda.no , tlf.: 70 07 52 86, professor
- Helga S. Løvoll, e-post: helgal@hivolda.no , tlf.:70075258, førsteamanuensis og prodekan AKF
Om avdelinga
Avdeling for kulturfag (AKF) er eit ambisiøst og framtidsretta fagmiljø som tilbyr høgare utdanning innan kunstfag og designfag, teaterfag, musikk, idrett og kroppsøving, friluftsliv og naturguide, og har forskings- og kunstnarleg utviklingsaktivitetar innan desse fagfelta. Fagmiljøet er i dag organisert i fire fagseksjonar og eit senter for kunstproduksjon. Fagseksjonar: Design, kunst og handverk, Drama og teater, Idrett og friluftsliv og Musikk. SEANSE – senter for kunstproduksjon tilbyr ein nasjonal møteplass og utviklingsarena for kunstproduksjon innan alle sjangrar. Avdelinga søker akkreditering for eit tverrfagleg masterstudie. AKF har ansvar for det avdelingsovergripande utviklingsprosjektet Future Skills, som er ein del av Utviklingsavtalen mellom Kunnskapsdepartementet og Høgskulen i Volda. Avdelinga har om lag 550 studentar, nærare 45 tilsette, inkludert 4-7 stipendiatar.
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Om bedriften
Om Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.