Strukturingeniør
Leirvik AS sin ingeniør-avdeling har rundt 80 høgt kvalifiserte medarbeidarar med ulik bakgrunn, utdannelse og fag. Me søkjer ein ingeniør som kan bidra til å utvikle og styrke kompetansen vår innan fagområde struktur og marine. No utvidar me portefølgjen og har igangsatt prosessar for å bringe den unike kunnskapen vår inn i nye marknader både på land og til havs - inn i ei spanande framtid!
Me søkjer etter ingeniørar med erfaring, men nyutdanna eller studentar i avsluttande masterutdanning vil også bli vurdert. Det kan bli aktuelt å vurdere fleire stillingar. Dei rette kandidatane vil inngå i eit tverrfagleg og engasjerande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgaver
- Analyse og design av lastbærande strukturer i aluminium og stål
- Beregningar og dokumentasjon av plate og fagverkskonstruksjonar
- Planlegging og dokumentasjon av løft og transport av større seksjonar/modular
- Fagleg ansvarleg i prosjekt innan struktur, marine og vekt
- Kontakt med kunde, tredjepart-verifikatør og andre aktørar i prosjekter
- Koordinering og samarbeid med andre fag
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning innan konstruksjon/marineteknikk/byggteknikk/matematikk/fysikk - kortare utdanningsløp kan kompenseres med lang og relevant arbeidserfaring
- Kjennskap til aktuelle regelverk som Norsok, Eurocode og DNVGL
- Erfaring med FE-beregningsprogram, lokalanalyse og håndberegningar
- Forståelse for global og lokal lastpåkjenning og konstruksjonar
- God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlige egenskaper
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Løysningsorientert
- Kunne jobbe strukturert og sjølvstendig
- Like å omgås folk og jobbe i team
Vi tilbyr
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Eit engasjerande og hyggjeleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Gode velferds- og pensjonsordningar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Alfred Gregersen, Resource Manager structure/marine/weight, 98263486, alfred.gregersen@leirvik.comStine Eide Halleraker, HR Rådgivar, 93484910, stine.eide.halleraker@leirvik.com
Arbeidssted
Storhaugvegen 1305416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Leirvik ASReferansenr.:4544225097
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2022
Om bedriften
Leirvik AS er ei moderne verksemd med 270 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter nær 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling i heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!