Kundemottakar
Då vår noverande kundemottakar sluttar, søkjer vi etter: Kundemottakar
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Handtere kundehenvendingar over disk, telefon og e-post.
- Utarbeide tilbod
- Fakturering
- Oppfølging av kundesaker og handtere reklamasjonar/garanti.
Vi ønsker at du har desse kvalifikasjonane:
- Erfaring frå kundemottak/kundebehandling
- Teknisk kompetanse om bil
- Gode kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og ordna arbeidsforhold i eit hektisk og triveleg miljø.
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Geir Ove Åsebø på mob. 90894474.
Skrifteleg søknad innan 21.08.20 sendast til: geirove@bos.no, eller:
Vest Auto AS
Rådhusveien 43
6770 Nordfjordeid
Om bedriften
Vest Auto AS har lokale i Nordfjordeid sentrum og er Peugeot-, Kia- og Mercedes-Benz-forhandlar for Nordfjord. Vi har verkstad og delelager for Peugeot, Kia og Mercedes-Benz. Vest Auto AS har 12 tilsette.