Helsefagarbeidar/hjelpepleiar 80% fast
Org. nr: - Stillingsident: 4384976936 Presentasjon av stillingen:
Me har 80 % fast stilling som helsefagarbeidar/ hjelpepleiar frå 16.08.2021. Spesialisert rehabiliteringsdøgnpost tilbyr utgreiing og behandling til pasientar med ulike samansette funksjonsnedsettingar etter sjukdom/skade. Hovudtyngda er hjerneslag- og anna nevro-rehabilitering. Rehabiliteringsposten har brei tverrfagleg og høg kompetanse innan fagfeltet. Me legg vekt på brukarmedverknad. I tillegg til helsefagarbeidar/ hjelpepleiar består rehabiliteringsteamet av fysikalsk medisinsk lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut, logoped og nevropsykolog. Det tverrfaglege teamet samarbeidar tett for å yta best mogleg rehabilitering til pasientane.
Arbeidsoppgåver
- Som helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved rehabiliteringsposten får du varierte og utfordrande oppgåver som mellom anna observasjon, trening og kommunikasjon med rehabiliteringspasientar.
- Du deltek i tverrfagleg samarbeid.
- Arbeid kvar tredje helg.
- Todelt turnusplan, ikkje nattevakter.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Du må kunna snakka og skriva norsk godt. For søkjarar med anna morsmål, må ein ha aktuell norsk språktest; Bergenstesten.
- Fordel med erfaring frå sjukehus/ spesialisthelsetenesta eller erfaring med rehabilitering.
Utdanningsretning
- Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
Me søker ein person som
- er motivert og har interesse for fagfeltet
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- kan arbeida godt både sjølvstendig og i team
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- ønskjer å vidareutvikla kompetansen din
- arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- kommuniserer på ein tydeleg måte. Evner å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar.
- har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit engasjert arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Relevant opplæring
- Eit aktivt og godt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Herborg Tegle, seksjonsleiar, 46894607, herborg.tegle@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4384976936
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 16.08.2021
Søknadsfrist: 17.05.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.