Rådgjevar/Sosialkonsulent - NAV Vågsøy
Fast stilling som rådgjevar/sosialkonsulent ved NAV Vågsøy
NAV Vågsøy/Vågsøy kommune har ledig fast 50% stilling som rådgjevar/sosialkonsulent frå 01.03.2019.
NAV Vågsøy vart etablert som eit partnarskap mellom stat og kommune i november 2008. Kontoret har 11,2 årsverk fordelt på 13 tilsette. Kontoret er lokalisert i Måløy sentrum, gate 1. NAV Vågsøy har ansvar for både kommunale og statlege oppgåver.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Oppfølging og rettleiing av brukarar med mål om å kome i arbeid og aktivitet
- Rettleie, oppfølging og ta avgjerd etter både kommunalt og statleg regelverk
Vi ynskjer søkjarar som:
- Har erfaring frå NAV eller andre verksemder der kunnskap om menneske og samarbeid med næringsliv står sentralt. Kjennskap til arbeidsmarknaden lokalt og regionalt er ein fordel
- Ser arbeidsretta løysingar for individ og næringsliv, og kan vere med å utvikle organisasjonen i tråd med trendar og utfordringar i samfunnet
- Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt - åleine og ilag med andre
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet, er fleksibel og initiativrik
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning frå universitet/høgskule
- God rettleiings-, kommunikasjons- og samhandlingskompetanse
- God kompetanse på IKT-verktøy generelt
- God munnleg og skrifteleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi ynskjer at du:
- Har godt humør, evne til å motivere og sjå moglegheiter
- Gode servicehaldningar og gode kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Vi kan tilby:
- Varierte, utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Kurs, fagdagar og kompetansehevande tiltak
- Løn etter avtale ihht. kommunale avtalar
NAV er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar om å søkje jobb hos oss uansett alder, kjønn, funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Som IA-verksemd legg vi tilhøva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.
Spørsmål om stillinga kan rettast til NAV leiar Margreth Rundereim på telefon 900 30 528.
Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.
Søknadsfrist: 03.03.2019 Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Margreth Rundereim, Mobil +47 90030528, Epost: margreth.rundereim@nav.no
*Arbeids- og velferdsforvaltningen
Om bedriften
Vågsøy kommune er ei naturperle som ligg ytst i Nordfjord mellom Ålesund og Bergen. Næringslivet er aktivt med hovudvekt på marine næringar. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, kultur- og idrettstilbod og eit fatastisk turterreng. Kommunen har omlag 6100 innbyggjarar. Måløy er kommunesenter. For meir informasjon om regionen sjå www.nordfjord.no.