ID 186o Miljøterapeut - Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Det er ledig vikariat i 100% stilling som miljøterapeut frå snarast og fram til 01.08.2023
Miljøterapeuten sine oppgåver:
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutisk arbeid i familiar
- Bidra som stabiliserande tiltak inn i akutte kriser som oppstår i familiar
- Endringsarbeid når det gjeld praktiske rutinar i familien/ heimen.
- Vera eit bindeledd mellom familie/barn/ungdom og ulike aktivitetsarenaer
- Tilsynsoppgåver i familiar
Me søkjer ein person som:
- Har relevant høgskuleutdanning
- Har kompetanse innan COS, Marte Meo, PMTO, ICDP eller andre metodar innan familierettleiing
- Har anna relevant rettleiingskompetanse/ erfaring kan vurderast
- Har erfaring innan barnevernsfaget
- Har kompetanse innan etnisitet og ulike familiekulturar
- Evnar å sjå situasjonen til barnet og familien i heilskap
- Har erfaring med utgreiings- og oppfølgingsarbeid med born og familiar.
- Har engasjement for faget og fagutvikling
- Er sjølvstendig, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Er systematisk og effektiv
- Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg
- Har sertifikat
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Du vert del av:
- Eit fagleg fellesskap rundt den enkelte familie
- Ein dynamisk og meiningsfull arbeidskvardag med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Eit arbeidsfelleskap der det er mogleg med påverknad, endring og ny læring
Me kan og tilby:
- Gode pensjon og forsikringsordningar
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Jørund Tvedt, tlf 90762587, mail jorund.tvedt@stord.kommune.no
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.