Undervisningsstillingar
Org. nr: - Stillingsident: 4047322371 Presentasjon av stillingen:
Ringstad skule med omlag 265 elevar ligg i kommunesenteret Stranda og er ein 1. - 7. skule med to parallellar og SFO. Skulen har 26 undervisningsstillingar, 1 miljøterapeut og 5 stillingar for barne- og ungdomsarbeidar. For tida nyttar 85 born "Firkløveren" skulefritidsordning som har dagleg leiar og 4 assistentar med til saman 3,5 stillingar dette året.
Vi har ledig:
- 100% fast undervisningsstilling frå 01.08.2019
- 80% fast undervisningsstilling frå 01.08.2019
- Det kan bli ledig inntil 3 x 100% undervisningsstilling for skuleåret 2019/2020
Vi ber om at det går klart fram av søknaden om den gjeld fast stilling, vikariat eller begge deler og kva undervisningskompetanse søkjar har.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må før tiltreding framvise politiattest av nyare dato ihht. § 10-9 i Opplæringslova.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av god undervisning Arbeide med opplæring av grunnleggande ferdigheiter for elevane.
- Drive god klasse- og gruppeleiing.
- Arbeide med kartlegging av læringsresultat, tilpassing av undervisning og oppfølging av enkeltelevar og gruppe av elevar.
- Ha eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i skulen.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer lærarar med relevant fagleg- og pedagogisk utdanning, jfr. lov om grunnskole og den videregåande opplæringa (opplæringslova), fortrinnsvis grunnskulelærar 1-7
- Våre fagbehov er norsk, engelsk, matematikk og spesialpedagogikk. Andre fag kan bli aktuelle.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan søkjarar med anna relevant utanning og erfaring bli vurdert for midlertidig tilsetting
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar, foreldre og tilsette.
- Kunnskap om, og erfaring med god klasseleiing
- Erfaring med vurdering, formell og uformell
Ved tilsetting vil det bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Ivrige og trivelege elevar
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
Kontaktinformasjon
Bjørn Helge Nygård, Rektor, 46411106
Hans Øyvind Lyshaug, Inspektør, 46411107
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenummer:4047322371
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 01.08.2019
Søknadsfrist: 05.04.2019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir