Vernepleiar/ Sjukepleiar100% fast Husnestunet avd demens
Vi søkjer
Vi søkjer offentlig godkjent vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling. Stillinga er fast i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Om det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledig og ein vil tilsetje i desse stillingane ut i frå same søkjarmasse.
Omtale av stillinga
Stillinga er på Husnestunet Institusjon og høyrer til avdeling for personar med demens. Me søkjer vernepleiar eller sjukepleiar som skal arbeide med miljøterapeutiske oppgåver opp i mot brukargruppa.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
Erfaring med brukarar med utagerande åtferd.
Spesialutdanning innan feltet vil bli vektlagt.
Personlege eigenskaper
- Sjølvstendig
- Evne til fleksibilitet
- Evne til å sjå brukaren i den situasjonen han/ho er i
- Konstruktiv kommunikasjon
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Arbeidsoppgåver
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.