Leiar for NAV Stord / region Sunnhordland
Org. nr: - Stillingsident: 4358954090 Presentasjon av stillingen:
NAV Vestland er etablert med ni geografisk inndelte regionar basert på bu- og arbeidsmarknaden. NAV Stord har som tilleggsoppgåve å vere regionkontor i NAV region Sunnhordland.
Arbeids- og velferdsetaten og kommunen er likeverdige partar i arbeidet med å utvikle tenestene som NAV Stord har ansvar for. Det skal sikre at arbeidsgjevarar og brukarar har tilgang til heilskaplege og kvalitativt gode tenester frå NAV. NAV Vestland legg stor vekt på utviklings- og forbetringsarbeid, og har vedteke bruk av Lean-metodikk for å få dette til.
NAV Stord har todelt leiing, med ein leiar for den kommunale delen og ein leiar for den statlege delen av kontoret. NAV Vestland søkjer no etter statleg leiar for NAV- kontoret. Den som blir tilsett skal også ha ansvar som regionleiar for NAV region Sunnhordland, som omfattar kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Sveio og Tysnes. Stord kommune har i underkant av 19 000 innbyggarar og kontoret har omkring 40 statleg tilsette.
Vi søkjer etter ein leiar som forstår og utøver leiarrolla på ein måte som skapar tillit, engasjement og motivasjon hos medarbeidarane og samarbeidspartane. Du forstår og blir motivert av samfunnsoppdraget NAV har ansvar for og praktiserer leiarrolla på ein måte som byggjer eit godt omdømme for NAV.
Som regionleiar er du ein del av direktøren i NAV Vestland si leiargruppe, du rapporterer til assisterande direktør i NAV Vestland.
Arbeidsoppgåver
- Resultatansvar knytt til målet om fleire i arbeid/aktivitet og færre på stønad
- Sikre effektiv drift og utvikling av velferdstenestene med særleg fokus på brukarane sine behov
- Personalansvar for statlege NAV-leiarar i regionen
- Planlegge og sikre gjennomføring av partnarskapsmøta i kontora i regionen
- Aktiv kontakt med næringslivet, offentlege etatar og organisasjonar
- Sikre samordning og samhandling på tvers i regionen og i fylket
- Langsiktig, strategisk og tverrfagleg utvikling
- Pådrivar i omstilling til digital samhandling for medarbeidarar og brukarar
- Pådrivar for betre rutinar og effektiv tenesteyting ved bruk av teknologi og digitale løysingar
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå strategisk planarbeid, budsjettarbeid og økonomistyring
- Erfaring med endrings- og omstillingsprosessar
- Dokumentert resultatoppnåing
- Erfaring frå samhandling med dei tilsette sine representantar
- God kompetanse på digitale verktøy
Personlege eIgenskapar
Du utviklar relasjonar internt og eksternt med ein inkluderande, tydeleg og strukturert leiarstil. For å synleggjere verdien av gode arbeidsmiljø, praktiserer du gjennomgåande prosessar for medverknad og medbestemming.
- du er målretta, systematisk og resultatorientert
- du er fleksibel og endringsvillig
- du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
- Du får høve til å utgjere ein skilnad innan NAV sitt viktig samfunnsoppdrag
- Løn som avdelingsdirektør i stillingskode 1060, med lønsspenn frå kr. 750 000 til kr. 850 000 pr. år
- For særleg godt kvalifisert søkjar kan det vurderast høgare løn
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Bjarte Hysing-Olsem , Ass.direktør , 48247318
Arbeidssted
Bandadalsplassen
5411 Stord
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4358954090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.05.2021
Om bedriften
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 19.000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
For å kunne levere best mulig tjenester er det viktig med mangfold i rekrutteringen. Vi oppfordrer derfor personer med innvandrerbakgrunn, nedsatt funksjonsevne og hull i CV-en til å søke jobb hos oss. Vi legger arbeidsforholdene til rette for deg dersom du har behov for det. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling