Lagermedarbeidar
Arbeidsoppgåver
- Innkjøp, varemottak, vareplassering, lagring og vareutlevering
- Bidra til auka automatisering av ordreprosessar
- Halde oversikt og kontroll på lagerførte varer
- Vedlikehalde informasjon i ERP-system
- Rapportering
- Budsjettoppfølging
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning, men praktisk erfaring kan kompensere for formell utdanning
- Erfaring frå maritim industri
- Erfaring med drift og optimalisering av intern logistikk
- Erfaring i bruk av moderne IT-verktøy, irekna avanserte ERP- og WMS-system
- Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Engasjert og interessert
- Sjølvstendig og serviceinnstilt
- Effektiv og nøyaktig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og varierande arbeidskvardag
- Moglegheit for å jobbe med ny teknologi
- Eit godt fagleg miljø med høve til personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
Kontaktinformasjon
Rolf Heltne, Section Leader Internal Logistics, 91367451Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4609625651
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.