Sjukepleiar 69 % fast stilling natt. - Heimetenesta
Vil du bli vår nye kollega? Heimetenesta har ledig 69 % fast stilling for autorisert sjukepleiar.
Nattevaktene går i 2 arbeidsbolkar på 3 og 4 netter, til saman 7 vakter på 3 veker.
Arbeidstid frå 21.45-08.15
Nattevakta har personalbase ved Stadsnesvegen 9b
Arbeidsoppgåver
- Nattevaktene dekker heile øya og arbeider i team, med 1 sjukepleiar og 1 hjelpepleiar som startar og avsluttar vakta i kvar sin personalbase.
- Forutan faste oppdrag og utrykning på alarmar, er det sjukepleieoppgåver og evt.forefallande arbeid ved personalbasane.
- Nattevaktene samarbeidar også med andre einingar når det er rom for det.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Krav om førarkort og politiattest
- Det krevas datakunnskap og gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Oppgje referanse.
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein positiv person med god framferd.
- Du må vere stabil, pliktoppfyllande, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du må takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar.
- Arbeidet kan vere fysisk krevjande
- Personlege eigenskapar vert vektlagd,
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ei stabil personalgruppe med god fagkompetanse.
- Opplæring
- Arbeidskle
- Vi nyttar kommunale bilar i tenesta
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Torunn Veddeng, Einingsleiar, 70199100, torunn.veddeng@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4026106658
Stillingsbrøk: 69 %%
Fast
Startdato: 03.06.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4026106658&company_id=3070249448&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
.