Ledige helgestillingar i ambulerande heimetenester og omsorgsbustadar for eldre
Stillingsannonsen er inaktiv.Volda kommune, Heimetenester
Stormyra 2, 6100 Volda
Org. nr: - Stillingsident: 4268134315 Presentasjon av stillingen:
Fleire ledige stillingar på helg. Vi er på jakt etter deg som ynskjer å arbeide med heimebuande brukarar, bidra til godt samarbeidsklima med medarbeidarane og sikre brukarane kontinuitet og kvalitet i tenestene slik at dei kan bu best mogleg heime. Aktuelle arbeidsplassar: Ambulerande heimetenester, Fjordsyn omsorgsbustadar, Barstadtun omsorgsbustadar. På Fjordsyn omsorgsbustadar er det ledig fire faste stillingar med arbeid 3.kvar helg (ca 12 % stilling), og to stillingar med arbeid annakvar helg (15 %). Barstadtun har ledig fire stillingar med arbeid 3.kvar helg (10-12 % stilling). Ambulerande heimetenester har ledig tre stillingar med arbeid annakvar helg (20 % stilling). Vi treng både helsefagarbeidarar og assistentar. Oppgi i søknaden kva arbeidsstad du er mest interessert i: ambulerande heimeteneste eller ein av omsorgsbustadane. Og om du er mest interessert i arbeid annakvar eller tredjekvar helg og evt ønska stillingsprosent.
Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand og helsehjelp. Det kan til dømes vere å hjelpe brukarane til daglege aktiviteter som personleg hygiene og pleie, forflytning, måltider, reingjering og andre praktiske oppgåver, sosiale aktiviteter og trening.
Kvalifikasjonar
Sjukepleiarstudentar og andre studentar innan helse og sosial.
Studentar i andre fag eller personar med interesse for denne brukergruppa kan også søke.
Erfaring fra liknande arbeid er ein fordel .
Viss anna morsmål enn norsk, må du dokumentere språknivå B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest og eigenerklæring i høve tuberkulose ved tiltreding.
For arbeid i ambulerande heimeteneste må ein ha førerkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Vi tilbyr
Trivelig arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
Variert og spennende arbeid med høyt fokus på fag.
Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Gratis tilgang til mange gode e-læringskurs frå NHI.
Tilsetjing vert gjort fortløpande.
Kontaktinformasjon
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar, 95770524, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4268134315
Stillingsprosent: 10%
Fast
Startdato: 01.09.2020
Søknadsfrist: 16.08.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimetenester
Adresse
Barstadmarka 4, 6102 Volda
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda og Hornindal kommune skal slå seg saman, og den nye organisasjonen skal vere på plass 1.1.2020.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. I det daglege arbeidet vil vi vere rause, modige, kompetente og lærande. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.
Om stillingen
Antall stillinger
13
Oppstart
1. september 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. august 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4268134315_Volda kommune, Heimetenester_webcruiter
Stillingsnummer: c2bbdc2c-f445-439b-a8fa-099356eb3767