Integrasjonssenteret søker dyktig testleiar!
Org. nr: - Stillingsident: 4193053139 Presentasjon av stillingen:
Vi treng ein testleiar for å styrke teamet i Intergrasjonssenteret, ein person som trivst med høgt endringstempo og nyskapande løysingar!
Ønskjer du å jobbe langsiktig innan ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit til å forme IT-løysingar for eit helsevesen for framtida?
Helse Vest IKT driftar eit av dei mest kompliserte systemlandskapa på Vestlandet, med fleire hundre-tusentals meldingar som vert sendt i ulike pasientforløp.
Vi har etablert eit integrasjonssenter, med overordna ansvar for systemintegrasjonsarbeidet i heile Helse Vest. Integrasjonssenteret har det heilskaplege koordinerings-, leveranse- og forvaltningsansvaret for integrasjonstenester, og våre 35 dyktige medarbeidarar utgjer eit viktig kompetansesenter innan integrasjon i helsesektoren.
Vi står no midt oppi den digitale transformasjonen, og søker nye, avviksorienterte detaljfreakar som kvalitetssikrar integrasjonane våre vidare.
Som tilsett hjå oss vil du aktivt og kontinuerleg vere med på å forbetre Integrasjonsenteret si organisering, arbeidsmetodikk og verktøy - og ha påverknadsmoglegheiter for din eigen arbeidskvardag.
Som testleiar integrasjon får du ansvar for å planleggje, gjennomføre og dokumentere systemintegrasjonstestar. Ansvaret for å avdekke feil og manglar tidleg i leveransen ligg på testleiar, og evna til å formidle resultata på ein objektiv måte er avgjerande for go/no-go beslutningane som skal takast.
Det vil verte gjennomført naudsynte kurs og opplæring ved tilsetjing, så nyutdanna med interesse for heile testprosessen oppmodast òg til å søke.
Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Arbeidsstad: Bergen, Haugesund eller Stavanger
Kandidatar vert vurdert etter kvart som dei søkjer.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide testplaner, definere testkrav og testtilfelle
- Delta i utarbeiding av kravspesifikasjon og løysingsbeskriving
- Assistere utviklarane med einingstest
- Gjennomføre integrasjonstest
- Utarbeide sluttrapport og overlevere ferdig løysning til akseptansetest
- Verifisere løysing etter produksjonssetjing
Du bør ha
interesse for
- systemintegrasjon
- samhandling
- teknologi
- test
- kvalitetssikring
og kunnskap om
- testmetodikk, ISTQB sertifisering eller tilsvarande, er ein fordel
- testverktøy (til dømes HP ALM, SOAP, REST, XML) tel positivt
- helsesektoren tel positivt
- erfaring frå test av integrasjonar eller annan teknisk testing er ein fordel
Det er eit krav at du beherskar norsk skriftleg og munnleg.
Utdanningsretning
- IKT-fag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Du
- er ryddig og resultatorientert
- er initiativrik, glad i utfordringar og likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo
- har evne til å jobbe strukturert, sjølv om det kokar rundt deg
- er målbevisst og opptatt av kvalitet i leveransane
- har gode relasjonelle eigenskapar, er ein lagspelar og er serviceinnstilt
- er sjølvgåande, men likar å arbeide i team både som deltakar og som drivande kraft
Vi tilbyr
- eit sosialt arbeidsmiljø med høg trivselsfaktor
- eit nyskapande og kreativt miljø med høgt tempo basert på LEAN metodar
- gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer
- fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
- løn etter avtale
- medlemskap i KLP som gir deg gode pensjonsrettar
Kontaktinformasjon
Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, (+47) 91356369
Arbeidsstad
Ibsensgate 104
5052 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4193053139
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2020