Undervisningsinspektør - Samnanger ungdomsskule
Org. nr: - Stillingsident: 4097542786 Presentasjon av stillingen:
Undervisningsinspektør ved ungdomsskulen er nestleiar ved skulen. Vi treng ein persom som gjennom begeistring og engasjement vil vere med på å leia skulen i utviklingsarbeid på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Me arbeider systematisk med å fremja elevane sitt læringsutbyte gjennom faglege og helsefremjande tiltak.Stillinga er delt mellom administrasjon og undervisning med om lag 40% administrasjon og 60% undervisning.
Skulen si satsing er vurdering for læring og fagfornying.
Hovudmål for skulane i Samnanger er: "Ein god stad å vera - ein god stad å læra".
Ungdomsskulen har pr. i dag
¿ Ca. 20 tilsette
¿ Ca. 100 elevar
¿ Budsjett på 10 mill.kr.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til fagleg og pedagogisk utvikling på skulen
- Medansvar for planlegging og rutinar
- Medansvar for timeplanlegging og arbeidsplanar, års- og verksemdsplanar
- Medansvar for administrasjon av eksamen, tentamen og nasjonale prøver
- Skaffa vikarar o.a. oppgåver delegert frå rektor
- Ansvarleg ved rektor sitt fråvær
Kvalifikasjonar
- Må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar
- Bør ha erfaring frå skuleleiing
- Gode samarbeidsrelasjonar og evne til å motivera
- Må kunna utrykkja seg godt skriftleg og muntlig (Skulen har nynorsk som hovudmål.)
- Politiattest, jfr. Opplæringsl. §10-9
Utdanningsretning
- Pedagogikk
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet
Personlege eigenskapar
- Kunna vera med å leia ein lærande organisasjon/pedagogisk verksemd
- Vera utviklingsorientert
- God IKT-kompetanse
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale.
- Dyktige kollegaer og høgt fagnivå
- IA-bedrift
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jfr §25 i Offentleglova. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla, slik at han/ho har moglegheit for å trekkja søknaden.
Kontaktinformasjon
Bodil H.Øpstebø, Rektor, 56589960/56589961, bodil.opstebo@samnanger.kommune.no
Arbeidsstad
Tyssereinane 16
5650 Tysse
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Samnanger kommune
Referansenummer:4097542786
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 23.06.2019
Om bedriften
Samnanger kommune har 2400 innbyggjarar og ligg midt mellom Bergen og Hardanger. Reisetida til Bergen sentrum er ca. 40 minuttar. Kommunen har ca. 265 tilsette, fordelt på 188 årsverk.
Samnanger ungdomsskule er ein skule med 3 årssteg og har om lag 100 elevar. Skulen ligg på Ytre Tysse.