Ledig stilling i Sykkylven-Ikornnes
**BARNE- OG UNGDOMSARBEIDAR /**DIAKON / KATEKET / PEDAGOG / PREST
i 100% stilling frå hausten 2021
Vi søker etter:
- Ein utadvent og inspirert person med gode evner til å samarbeide, samtidig som ein må kunne arbeide sjølvstendig og systematisk.
- Ein person med pedagogiske evner.
- Ein person som likar å formidle/forkynne, halde andakt o.l.
- Ein person som ønsker å sjå og motivere andre.
- Ein person som er glad i å arbeide med barn og unge.
- Ein person som vil arbeide for å <<legge til rette for engasjement>>
(involvering, inkludering, motivering og oppfølging av frivillige/uløna medarbeidarar).
Om stillinga:
- Arbeidstid etter avtale (både dag, kveld og helg).
- Medansvar i konfirmantarbeidet.
- Samarbeid med skule og barnehagar.
- Samarbeid med kommunen og ulike lag og organisasjonar.
- Systematisk arbeid med tilrettelegging, omsorg og utvikling av frivillige medarbeidarar.
- Oppgåver etter behov.
- Bør ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
- Før tilsetting skal det leggast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29).
Vi tilbyr:
- Eit godt, tverrfaglig arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar (mange frivillige).
- Løn etter stillingskode jf. tariffavtale for KA-området.
- Offentleg tenestepensjon i KLP.
Søknad med CV og referansar sender du til:
Sykkylven kyrkjelege fellesråd
v/Arild Sporsheim, Kyrkjevegen 24, 6230 Sykkylven
kyrkjeverje@sykkylven.kyrkja.no, www.sykkylven.kyrkja.no
SØKNADSFRIST: 1. august 2021
LINK TIL UTLYSINGSTEKST:
https://www.sykkylven.kyrkja.no/Om-oss/Artikler/Artikkeldetaljer/ArticleId/463/Ledig-stilling
Om bedriften
Kyrkja i Sykkylven-Ikornnes Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7600 innbyggarar.
Den norske kyrkja i Sykkylven kommune består av 2 kyrkjelydar; Ikornnes sokn med om lag 1300 medlemmar og Sykkylven sokn med om lag 4750 medlemmar.
Sykkylven kyrkjelege fellesråd har ansvaret for drift og forvaltning av 2 arbeidskyrkjer og 1 gravplass. Kyrkjelydane har til saman 2 sokneprestar (100% og 60%), kantor (100%), organist (20%), driftsleiar/kyrkjetenar (100%), kyrkjeverje (100%), kontorsekretær (55%), trusopplærar (80%), ungdomsarbeidar (100%) og diakon (80%). PS: Denne stillinga erstattar stillingane trusopplærar og ungdomsarbeidar som, av ulike årsaker og tilfeldigvis samtidig, går over i anna arbeid frå 1. aug. 2021.