Nattevakt
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Bømlo bu- og helsesenter har ledig ei fast nattevaktstilling. Dette er ei variert og spanande stilling fordi du hos oss får høve til å bli kjent med dei ulike avdelingane i verksemda. Bømlo bu- og helsesenter tilbyr institusjonsplassar med langtid-, korttid- og rehabiliteringsopphald. Våre lokalar ligg i helsehuset på Bremnes og på Teiglandshagen bufellesskap på Moster, der Teiglandshagen og yt heimebaserte tenester i sitt område. Me søkjer etter deg som er fleksibel og som likar variert arbeid.
Arbeidsstad vil variere mellom dei ulike avdelingane ut frå kvar behovet er størst. Det vert difor laga periodevise avtaler med den som vert tilsett. Me tilbyr og opplæring etter behov. Stillinga inneber årsturnus med arbeid minimum kvar 3.helg
Arbeidsoppgåver
- Yte hjelp og bistand til pasientar/bebuarar ved institusjonen og heimebuande etter behov.
- Arbeidet omfattar sjukepleie og miljøretta arbeid ved å gi god og individretta omsorg, pleie og behandling til den enkelte.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
- 3. års sjukepleiar/vernepleiarstudentar kan og søkje stillinga.
- Førarkort kl.B
Personlege eigenskapar
I tillegg til å vere tilpasningsdyktig og like varierte arbeidsoppgåver, treng du og å vere:
- Sjølvstendig og løysingsorientert.
- Engasjert, fleksibel og omstillingsdyktig.
- Ha gode kommunikasjons - og samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Gode kollega med høg fagkompetanse
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4
Kontaktinformasjon
Monica Smedsrud, Verksemdsleiar, 40485607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4587382107
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo bu- og helsesenter, Bømlo kommune
Adresse
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Hjemmeside
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Stillingstittel
Nattevakt
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Arbeidstidsordning
Turnus
Sist endret: 13. januar 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 53b5ee1331e346eb999168e98fa36ca5
Stillingsnummer: c1f07ad6-4b09-47f1-9688-37e1027b7235