Fysioterapeutar på kveld
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4200781902 Presentasjon av stillingen:
Fysioterapiavdelinga er ei serviceavdeling organisert i Ortopedisk klinikk. Totalt har avdelinga rundt 100 stillingar og rundt 130 tilsette.
Vi har ledig 25,3% fast stilling på kveld og eit vikariat i 23% stilling på kveld. Begge stillingane er ledige frå 01.05.2020 eller etter nærare avtale og til ca. 01.04.2021. 25,3% tilsvarer 11 vakter og 23% tilsvarerer 10 vakter i løpet av 6 vekers turnus. Kvar vakt varer frå kl. 16.30-21.30 og tenesta er kvar kveld heile året.
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidsfeltet er lungefysioterapi til pasientar ved dei fleste somatiske avdelingar ved sjukehuset
- Fysioterapeutar på dagtid prioriterer pasientar til behandling på kveld
- I tillegg kan dei frå kliniske avdelingar ringe etter fysioterapeut ved akutt behov på kveld
Kvalifikasjonar
- Du må ha erfaring frå lungefysioterapi
- Du må ha erfaring frå arbeid på sjukehus med kristisk sjuke paientar
- Det er ei fordel med erfaring frå arbeid med både barn og vaksne
- Du må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Ved tilbod om stilling må du leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kan arbeide sjølvstendig og har god fagleg vurderingsevne
- Du er fleksibel og effektiv i arbeidet
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
- Du er ansvarsbevisst, punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Avdelinga har eit omfattende opplæringsprogram for nye kveldsvakter
- Det er eigne møte og undervising for dei som jobbar på kveld
- Det vil vere god moglegheit for å ta ekstravakter på kveld og på dagtid i vanlege helgar, helge- og høgtidsdagar og i sommarferieavviklinga
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4200781902
Stillingsprosent: 25,3 og 23%
Fast, Vikariat
Startdato: 27.04.2020
Søknadsfrist: 21.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.