Psykologspesialist/psykolog
Org. nr: - Stillingsident: 4302944631 Presentasjon av stillingen:
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt-og utgreiingseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.
Vi har ledig fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Poliklinikken BUP i Molde. Stillinga er ledig frå snarast, med oppstartsdato etter avtale med seksjonsleiar
Poliklinikken i Molde har ledig fast stilling som psykologspesialist/psykolog, fortrinnsvis for spesialist i barne- og ungdomspsykologi. Psykologar som ikkje er ferdig eller ikkje har starta med si spesialisering, er velkomne til å søkje og vil få tilbod om rettleiing. Poliklinikken i Molde (BUP) er lokalisert saman med Familieeininga, og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 0-18 år
- Arbeid i team
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Fortrinnsvis spesialist i barne- og ungdomspsykologi
- Erfaring frå psykisk helsevern
- Terapikompetanse
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
- Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eiga arbeidskvardag
- Evne til å arbeide systematisk og målretta
Vi tilbyr
- Ein spennande og hektisk arbeidskvardag
- Eit stort og inkluderande fagmiljø
- Lønn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsstad i ei inkluderande arbeidslivbedrift
Kontaktinformasjon
Hilde Sivertsen, Seksjonsleiar, 71217485 / 99245684, hilde.sivertsen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Knausensenteret
6416 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4302944631
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal