Institusjonslege
Kort om stillinga og arbeidsoppgåvene
Suldal kommune har ledig stilling som institusjons- og palliasjonslege i 80% fast stilling f.o.m. 01.12.20. Oppgåvene vil bli relatert til bebuarane ved sjukeheimen (inkl. kompetansebygging) og palliativt arbeid i kommunen. Det er mykje tverrfagleg samarbeid med fastlegar, heimesjukepleie, kreftkoordinator, fysioterapi og spesialisthelseteneste.
Det er ønskjeleg at legen bidreg med felles legeoppgåver og legevakt, og stillinga kan då aukast til 100 %. Forsking innan palliasjon blir vurdert og kan inngå i stillinga.
Per i dag har Suldal ein sjukeheim med plass til 38 brukarar. 20 plassar til personar med demens og psykiske lidingar og 18 plassar til pasientar med somatiske lidingar. Pasientane kan beskrivast med: rehabilitering, polyfarmasi, multimorbiditet og kreft, palliasjon mm. Eit rom i eiga avdeling blir nytta til lindrande behandling, og eit til "øyeblikkelig hjelp".
Journalsystem som vert nytta er Cos-Doc og Infodoc.
Kort om arbeidsgjevar
Stillinga er organisert under eining Helse, der også alle fastlegane i kommunen er tilsett. Helseavdelinga i Suldal har eit ungt og framoverlent arbeidsmiljø, i nyoppussa moderne lokale, og me kan tilby gode arbeids- og lønsforhold.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng me engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Suldal kommune er ein lærande organisasjon, og har gode ordningar for kompetanseutvikling og vidareutdanning.
I vår kommune kan du kombinera ein periodevis hektisk jobb med eit kvardagsliv som gir deg rom for å kopla av både i naturen og i det urbane miljø. Suldal har ein spanande og variert natur, med alt frå lune fjordar til høge fjellområde og lokale toppar. Det er framifrå mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Samtidig er det gode lokalmiljø og koselege sentrumsområde, og eit særskilt rikt og variert kulturliv.
Kommunen kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning, og det er gåavstand til jobb.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Det er forventa at søkjaren har gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg og har kjennskap til norsk helsevesen. Søkjar må ha norsk autorisasjon.
Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.
Generelt/Søknad sendast
Personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune skal leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkomande er sikta, tiltalt, pålagt førelegg eller dømd etter straffelova, og attesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg, Suldalshallen samt det nyopna Suldal Bad.