Undervisningsstilling innan realfag
Org. nr: 974571080 Stillingsident: 4218678366 Presentasjon av stillingen:
100% fast undervisningsstilling
Arbeidsoppgåver
Undervisning hovudsakleg i matematikk og fysikk på studiespesialiserande utdanningsprogram.
Kvalifikasjonar
Ønskje om master, minimum bachelor.
For fast tilsetjing er det krav om praktisk -pedagogisk utdanning.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein ny kollega som har undervisningskomptanse i matematikk og fysikk. Høyanger vidaregåande skule er kjent for sitt gode arbeidsmiljø og vi er svært opptekne av gode relasjonar mellom lærar og elev.
Du må ha gode samarbeidsevner og vere villeg til å dele kunnskap. Vi arbeider tett med Høyanger skule i eit 8-13 samarbeid, og vi er opptekne av gode relasjonar og samarbeid med lokalt næringsliv. Vi er difor ute etter deg som er løysingsorientert og som er oppteken av å skape resultat saman med andre. Du må ha gode digitale ferdigheiter og vere opptatt av god kommunikasjon både skriftleg og munnleg.
Meir informasjon om skulen finn du på skulen si heimeside https://www.hoyanger.vgs.no/
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande regulativ
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Andre opplysningar
Administrasjonsmåleti fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.
Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.
Kontaktinformasjon
Kristin Sagerøy Råsberg, avdelingsleiar, 57637782, kristin.sageroy.rasberg@vlfk.no
Arbeidsstad
Einar Førdes veg 1
6993 Høyanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218678366
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 26.04.2020