ID 1764 Helsefagarbeidar -- Knutsaåsen omsorgssenter
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord
Me har ledig fast 100% stilling i turnus, med arbeid kvar 3. helg. På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen
Me har ledig stilling for fagarbeidar ved Knutsaåsen omsorgssenter frå snarast. Stillinga inneber at du er fastvikar på somatisk- og demensavdeling.
Kvalifikasjonskrav:
- Vi ynskjer oss ein fagarbeidar som har relevant arbeidserfaring.
Personlege eigenskaper:
- Det vil verte lagt vekt på evne til samarbeid, og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega.
- Me ynskjer ein kollega som er løysingsorientert, med god arbeidskapasitet og arbeidsglede, som likar utfordringar.
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig og i team.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Det viktigaste er at du ser magien i møte med eldre menneskjer og at du ynskjer å gjere ein forskjell.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Avdelingssjukepleiar Lidveig Stubhaug, tlf 53 45 43 06 / 53 45 43 34, avdelingssjukepleiar Randi Henriksen, tlf 53 45 43 05 / 53 45 43 44 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Søknadsfrist: 24.10.21
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Knutsaåsen 1, 5417 Stord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 5. november 2021
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6414537-428219
Stillingsnummer: c172ac93-fab6-4a20-88d3-534dcb3003ff