Danselærar inntil 40 % fast, Kvinnherad kulturskule 3.utlysn
Vi søkjer
Ein medarbeider som:
- har kompetanse, evne og engasjement til å jobbe med våre danse-elever
- kan jobbe sjølvstendig, men også i samarbeid med andre lærarar i kulturskolen.
- ynskjer å medverka til utvikling av kulturskulen.
- er kreativ, entusiastisk og iderik
Arbeidsoppgåver
Gruppundervisning i ballett, klassisk og moderne dans for elevar i forskjellige aldersgrupper (frå 6 til 19 år).
Deltaking i kulturskulen sine prosjekt, førestillingar og personalmøter.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitetet, samt relevant arbeidserfaring frå arbeid med barn og ungdom er ynskjeleg.
Søkjarar utan formell utdanning, men som har relevant arbeidserfaring eller bakgrunn kan verta vurderte.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Aktuelle søkjarer kan bli kalla inn til intervju og praktisk prøve (prøveundervisning).
Personlege eigenskaper
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Anna
Stillinga kan evt. kombinerast med likknande stillingar i andre kommunar, då det er ein del behov for danselærar i nokre andre plassar i distriktet og.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.