Avdelingsleiar maritime- og marine utdanningsprogram
Stillingsannonsen er inaktiv.Måløy vidaregåandeskule , Vestland fylkeskommune
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Org. nr: 923720782 Stillingsident: 4216410772 Presentasjon av stillingen:
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 330 elevar fordelt på utdanningsprogramma; studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk- og industriell produksjon, IKT og medieproduksjon og YSK (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde i kurs for maritim sektor.
Arbeidsoppgåver
Vi har ledig stilling som avdelingsleiar for maritime- og marine utdanningsprogram. Ansvar for andre utdanningsprogram på yrkesfag kan også bli tillagt stillinga. Til stillinga ligg det inntil 30 prosent undervisning.
Arbeidsoppgåver
• leie avdelinga og ha personalansvar for tilsette som underviser på yrkesfag
• utvikle skulen i samsvar med fagfornyinga som startar hausten 2020
• stimulere til fagleg- og pedagogisk samarbeid og utvikling
• følgje opp tiltak frå planar og styringsdokument
• følgje opp elevane sitt læringsmiljø og resultat
Kvalifikasjonar
• relevant yrkesutdanning eller høgare fagutdanning frå høgskule eller universitet
• praktisk-pedagogisk utdanning
• undervisningskompetanse i fag som skulen tilbyr
• undervisningserfaring frå vidaregåande skule
• relevant arbeidserfaring og gjerne leiarerfaring
Personlege eigenskapar
• tydeleg leiar med open og inkluderande leiarstil
• evne til å leie, inspirere og motivere
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• god til å planlegge og organisere ulike oppgåver
• utviklingsorientert med god gjennomføringsevne
• ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
• Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit sterkt og inkluderande fagmiljø
• Gode vilkår for fagleg utvikling
• Løn etter avtale
• Gode forsikrings - og pensjonsvilkår
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å ta kontakt med rektor Åsta Navelsaker Røed, telefon 415 30 837
Kontaktinformasjon
Åsta Navelsaker Røed, rektor , 57638303
Arbeidsstad
Nordfjordvegen 9109
6718 Deknepollen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4216410772
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Måløy vidaregåandeskule , Vestland fylkeskommune
Adresse
Nordfjordvegen 9109, 6718 Deknepollen
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4216410772_Måløy vidaregåandeskule , Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: c146d723-cbcb-45b2-9a68-5ec3cfde3296