Prosjektleiar NAV Vestland
Org. nr: - Stillingsident: 4191775310 Presentasjon av stillingen:
NAV Vestland er organisert i ni fagleg sjølvstendige regionar. I samarbeid med kommunane skal det settast i gang eit utviklingsprosjekt i NAV region Sunnfjord. Prosjektperioden går fram til 31.12.2022 og vil bli gjennomført som eit forbetringsprosjekt med LEAN som metode. Stillinga rapporterer til assisterande direktør i NAV Vestland. Arbeidsstad vil vere i Førde, ved NAV Sunnfjord i region Sunnfjord.
Arbeidsoppgåver
- Vere med å greie ut og etablere ny regional struktur av NAV-kontortenestene i region Sunnfjord
- Avdekke behovet til lokale og regionale verksemder og næringar
- Ansvar for leiing, planlegging og administrasjon av prosjektet; som i praksis betyr gjennomføring, oppfølging, dokumentering og rapportering undervegs
- Samarbeid med kommunale og statlege eigarar, regionleiar m.m.
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innafor fagområda samfunnsfag, administrasjon og ledelse. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- God kjennskap til LEAN som metode
- Kunnskap om og erfaring frå overordna nivå i offentleg forvaltning/sektor i stat eller kommune
- Erfaring med omstillings- og endringsarbeid
- Erfaring med prosjektleiing er ein fordel
Personlege eigenskaper
- Strukturert, analytisk og utviklingsorientert
- Sjølvstendig og resultatorientert i arbeidet
- Gode samarbeidsevner og til å bygge nettverk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Initiativrik med god evne til å koordinere og gjennomføre
Vi tilbyr
- Ei spanande og utfordrande stilling i ny organisasjon
- Løn i stillingskode 1113 prosjektleiar med årslønn frå kr. 605 500 - kr. 765 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
Det er ønskeleg med snarleg tilsetting.
Kontaktinformasjon
Bjarte Hysing-Olsen, Assisterande direktør NAV Vestland, 482 47 318, bjarte.hysing-olsen@nav.no
Arbeidssted
Hafstadvegen 40B
6800 Førde
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4191775310
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2022
Søknadsfrist: 05.03.2020
Om bedriften
NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/"hol i CV" kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.
CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.