Overlege - Kirurgiske legar Molde - Molde sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF
Kirurgiske legar Molde har behov for å styrke si bemanning ved sjukehuset i Molde. Vi søkjer etter ein vaktkompetent generell kirurg, det er ønskjeleg med grenspesialitet i gastroenterologisk kirurgi.
Molde sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. For generell kirurgi og gastroenterologisk kirurgi har sykehuset eit opptaksområde på ca.115.000 innbyggarar.
Sjukehuset har seksjon for urologi, pastikkirurgi, ortopedi og har eit breit tilbod i andre sykehusfunksjonar som ØNH, oftalmologi, indremedisin, nevrologi, føde/barsel, radiologi og lab, anestesi og intensivmedisin.
Sjukehuset har akuttkirurgisk døgnberedskap, og er eit lokalsjukehus med traumefunksjon. Stillinga vil inngå i ei ordning med 3 vaktskikt, med overlege i 6-delt heimevakt.
Molde sjukehus og Kristiansund sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. (SNR)
Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune.
Du vil møte ein spennande arbeidsplass, med mykje aktivitet knytt til vedtekne framtidsplanar i moderne fagleg og teknologisk utvikling. Du vil bli inkludert i eit godt arbeidsmiljø, med høg fagleg kompetanse og med opplæringsopppgåver overfor 7 kirurger i utdanning.
Høyrast dette fristande ut? Ta kontakt - og velkommen som søkjar! Vi er behjelpeleg med bolig i ei overgangsfase, og med barnehage- og skulekontakt. For meir informasjon om Molde / Romsdal og Nordmøre visast til nettsida https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
Personlege Eigenskapar
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Gode kommunikasjonsevner
Sjølvstendig
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø, med engasjerte og erfarne kollegaer
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Kenneth Klemetzen, Seksjonsleiar(lege), (+47) 712 52 236
Arbeidsstad
Molde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1075
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4024495477&company_id=3638598755&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.