ID 1778 Helsefagarbeidar -- Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har ledige fast stilling som helsefagarbeidar i 100% stilling frå 20.01.22. Stord sjukeheim har i dag 98 pasientar fordelt på 5 avdelingar og skal utvida ytterlegare dei neste åra. Knausen/Kringsjå er ei somatisk avdeling med 21 pasientar. Ledig stilling er fordlet på 75% ved avdeling Knausen/Kringsjå, og 25% ved vikarstaben ved Stord sjukeheim.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 53 45 45 06/53 45 43 75 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Søknadsfrist: 01.12.21