Jordmor. 100% faste stillingar
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4226807081 Presentasjon av stillingen:
Fødeseksjonen har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast 100% stilling som jordmor. For tida er 50% av stillinga knytt til Fødeseksjonen på Kvinneklinikken, medan 50% er knytt til Bemanningssenteret. Erfaringsmessig vert tilnærma heile stillinga nytta ved Fødeseksjonen, og ein vert difor godt kjent på tvers av avdelingane. Erfaringa er også at stillingsdelen i Bemanningssenteret i sin heilhet blir flytta over til Kvinneklinikken innan 1 år. Stillinga i Bemanningssenteret vil vere som sjukepleiar når ein har vakter ved andre avdelingar enn KK sine føde- og barselavdelingar, men heile stillinga er løna som jordmor.
Vi søkjer både jordmødre som kan starte frå snarast og dei som kan starte frå 31.08.2020.
Fødeseksjonen ved Kvinneklinikken har om lag 4800 fødslar årleg. Vi har tre einingar med fødsel og barsel: Føde 1/Barsel, Føde 2 og Storken. Føde 1 og Føde 2 har ansvar for kompliserte og normale fødslar samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde 2 er ei kombinert føde-barseleining. Storken er ei kombinert lavrisiko føde-barseleining. Føde 1/Barsel er i ein prosess for å verte ein kombinert eining i løpet av året. Barsel er ei eiga eining for barselkvinner som treng ekstra oppfølging etter fødsel.
Ved Poliklinikk for gravide, mor og barn har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar.
Der er og barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.
Fødeseksjonen er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønskjer å vere med og utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søkjer etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er krav om dokumentert autorisasjon som jordmor i Noreg. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved KK. Dei aller fleste vaktene i Bemanningssenteret vil vere ved Kvinneklinikken sine einingar.
Arbeidsoppgåver
- Jordmorfagleg ansvar for føde-barselkvinner
- Rettleiing av "nybakte foreldre"
- Rettleiing av jordmorstudentar/ sjukepleiarstudentar og medisinarstudentar
- Oppfølging av nyfødde i perinatalperioden
- Varierande sjukepleieoppgåver
Kvalifikasjonar
- Jordmorutdanning med norsk autorisasjon
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må meistre norsk eller skandinavisk språk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå fødselsarbeid på Kvinneklinikknivå er ei føremon
- Har erfaring med elektronisk fosterovervaking (STAN-sertifisert)
- Generell sjukepleieerfaring
Utdanningsretning
- Jordmor
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Fleksibel
- Tåle endring
- Tilpassingsdyktig
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Det vil bli turnusarbeid, med 3-delt turnus. Arbeid i snitt kvar 3. helg.
Kontaktinformasjon
Kristin Aase Boge, Avdelingsjordmor, 55974334
Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Bemanningssenteret, 55976900
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4226807081
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 31.08.2020
Søknadsfrist: 23.08.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.